Ein tettpakka universitetsaula, eit umogleg syn for berre kort tid sidan, er ramma for startskotet på jubileumsfeiringa til Universitetet i Bergen. 75 år etter at bestefaren, kong Haakon, la ned grunnsteinen, kjem kong Harald denne gongen frå hovudstaden for å kaste glans og kontinuitet over hendinga.
Han smiler mest, kong Harald, då poeten Erlend Nødtvedt tar laust med sin høgst bergenske «Ode til UiB», der han i vill fart køyrer sikk sakk i høgt gir, og i revers, gjennom universitetets fortid og notid, gjennom «o' alma mater, den eneste institusjon der helheten er mindre enn enkeltdelene»
Bergen er Bergen, også når det handlar om Universitetet i Bergen, noko den ferske forskings- og høgare utdanningsministeren Ola Borten Moe har notert seg til sin tale.
- Sjøl om æ e trønder, må æ sei... berrgensera veit korsn en ska feir! Hadde det vore opp til meg, skulle Bergen ha fått jobben som heile Noregs seremonimester til evig tid, seier ministeren.
- Samlar framtidshåp
På programmet står ein parade av talar, frå statsråden, rektoren, ordføraren. Helsingar på skjerm frå statsministeren i Oslo, frå Holbergprisvinnaren, under grå, bergensaktige skyer utanfor Harvard, frå rektor ved Universitetet i Khartoum, frå rektor på Noregs miljø- og biovitskapelege universitet på Ås, frå Oslo, frå rektor ved UiT Noregs arktis