AddToAny

«Den døde mora»

«Den døde mora»
Den franske psykoanalytikaren André Green meinte at den depressive patologien må forståast gjennom omgrepet «den døde mora».
Eit deprimert menneske er tom for krefter, kroppen er treg, kjenslene er fulle med det triste og mørke, og tankane spinn ikring utan fokus og meining. Livet er grått og utan verdi, og kjærleiken til andre menneske har også slokna. Livsenergien er på eit minimum. Den franske psykoanalysen har ei forklaring på at denne tilstanden av djup depresjon oppstår i spedbarnsalderen.

«DEN DØDE FAREN»
André Green (1927-2012) var ein fransk psykoanalytikar som ville forstå den djupe depresjonen som ikkje kan forståast gjennom «vanleg» tap av ein person eller som forårsaka av vanskelege livsvilkår. Denne depressive tilstanden må, ifølgje Green, forståast gjennom omgrepet «den døde mora», altså at babyen misser mora si emosjonelle støtte akkurat under forminga av dei mest djupe kjenslene. Det gjer noko med korleis spedbarnet vert omslutta av verda, og tap av den harmonerte og varme omsorga skaper eit hol i psyken som vanskeleg kan fyllast igjen (Green, 1986). Green vil forstå den patologiske depresjonen i høve til svikten i den symbiotiske einskapen mellom mor og spedbarnet.
Ifølgje André Green har Freud og psykoanalysen nøye studert «den døde faren» i Totem og tabu (1912-13). Dette verket rekna Freud for å vera eit av sine viktigaste verk. Sett frå éin synsvinkel er dette eit svært spekulativt og fantasifullt verk, som skildrar ein overgang frå den patriarkalske urhorden til det «siviliserte brorfellesskapet». Desse sønene som både elska og hata urfaren, drap han også, for å få tilgang til kvinnene. Den grunnleggjande solidariteten i eit samfunn vert på den måten skapt gjennom ei valdshandling.
Denne solidariteten kunne ifølgje Freud berre verta halden ved like dersom mennene i brorfellesskapet avstod frå å konkurrera om kvinnene som vart løyste frå faren, og slik oppstod incesttabuet. Og desse tabua knytt til farsdrapet og incest, samsvarar også med det opphavlege ødipuskomplekset, som inneheld historia om kong Ødipus, som for å forhindra lagnaden slik den vart spådd, utan å vita det, drap far sin og ekta si mor. Denne teorien om farsdrapet som startpunktet i sivilisasjonsutviklinga er lite adekvat på eit konkret historisk-sosiologisk nivå. Men eg vil likevel hevda at denne teorien om den skapande valdshandlinga er realistisk på den måten at eitkvart fellesskap og eitkvart menneske er prega av ambivalente kjensler og indre spenningar.
I og med den ambivalente kjensla overfor faren fekk sønene utløysing for aggressive lyster, men den andre polen i kjensledialektikken byrja snøgt å gjera seg gjeldande, slik at den første tilfredsstillinga ved å drepa faren vart avløyst av anger, skuld og sorg. Og ettersom avstanden i tid auka og minnet om misgjerninga bleikna, overtok gradvis kjensla av kjærleik til faren, og den drepne og hata faren vart gradvis oppheva til eit moralsk ideal.
Gå til mediet

Flere saker fra Tidsskrift for norsk psykologforening

Den ukentlige arbeidstiden for de fleste psykologer er 37,5 timer, men det er mange som jobber mer enn det - i hvert fall noen uker. Andre uker jobber man mindre.
Denne overskriften leder kanskje tankene hen til menneskemøter mellom pasient og behandler. I mange år har det vært stort fokus på å forbedre eektivitet, kvalitet og produktivitet i disse møtene. Dette er legitime og ønskelige mål, men jeg vil rette oppmerksomheten mot hvordan menneskene som går på jobb i helsetjenesten ivaretas og lyttes til, og mot behovet for økt tillit i tjenesten.
Formålet med tilsynssaker er å bidra til sikkerhet og kvalitet i tjenestene, samt tillit til helsepersonell og helse- og omsorgstjenesten.
Kognitive evnetester er treffsikre i ansettelsesprosesser, men kan slå uheldig ut for minoritetsgrupper og dermed undergrave mål om mangfold i arbeidslivet.

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt