Khrono
13.05.2023
Dersom eg hadde visst korleis det skulle verta, er det ikkje sikkert at eg hadde våga å gå i gang, seier Reidun Ims.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Det var litt tilfeldig. Eg søkte ikkje spesielt på grunn av denne tematikken, men fordi eg kunne få sjå på dette med sosialt arbeid.
- Kan du kort presentera prosjektet ditt?
- Eg har forska på innvandrarar og opplevingane deira når dei møter norsk arbeidsliv. I dag er ein oppteken av at integrering skal sikrast gjennom arbeid. Men er arbeid så viktig som ein trur? Eg har intervjua ti personar med innvandrarbakgrunn om deira røynsler og opplevingar.
- Kva finn du?
- Arbeid er faktisk så viktig som ein trur, og det overraska meg litt. Integrering skjer gjennom arbeid, og det betyr at når ein ikkje får jobb vert det veldig vanskeleg. I dag


































































































