BUSKAP
10.07.2017
Kjelda for sporar i mjølk er hovudsakleg «forurensa» grovfôr, enten gjennom for låg stubbehøgde, jordinnblanding, dødt plantemateriale eller møk på plantene. Det er difor viktig med gode tiltak ute på jordet og under innhaustinga for å unngå at sporane kjem inn i fôret.
Det er først og fremst smøresyresporane vi vil fokusere på her, men kjelda for aerobe sporar er mykje den same; gjennom jord og skit. Det kan fort bli ein vond sirkel med sporar i surfôret: inn i kua og ut i møka, møk i fjøset og sporar i mjølka, møka ut att på jordet og inn att i graset på nytt. Denne sirkelen er det om å gjere å bryte. I prinsippet dreier det seg om to ting: 1. Unngå at fôret blir forurensa med sporehaldig jord og husdyrgjødsel 2. Unngå at sporer som likevel blir med på graset går over i aktiv form og formerer seg i siloen eller i rundballane.
La minst 10 cm av stubben stå
Smørsyrebakterier og sporene finst først og fremst i jord og i husdyrgjødsel. Gras som står og veks på marka er nesten fritt for smørsyrebakteriar og sporar, med unntak av heilt nedst på stengelen. Set difor att 10-12 cm av stubben for å unngå dei mest utsette områda på plantene. Stubbehøgda er òg avhengig av vèrforholda. Våte innhaustingsforhold krev høgare stubbing enn om det er tørt. Det er relativt lite å hente i mengde og energiverdi på å ta med lågare stubb sidan stubben har det minst fordøyelege fiberet, og energiverdien blir dermed heller dårlegare. I tillegg blir gjenveksten betre stimulert i enga, så totalavlinga blir lite påverka. For å få riktig innstilling på stubbehøgda er ekstra slepesko eller meier til slåmaskina gode reiskap. Riktig høgdejustering av slåttebjelken og riktig innstilling av fjøroppheng for å få rett marktrykk vil vere avgjerande for eit godt resultat. For
Gå til medietLa minst 10 cm av stubben stå