Jan Ove og Nina Selseng var dei einaste av landets 300 geitebønder som fekk sølvtina frå Tine i år.
Leveranse til meieriet er hovudverksemda, men dei har òg starta eige gardsysteri med produksjon av brun geitost. No prøver dei seg på ein salatost for sal direkte frå garden.
Nina er med i drifta og gjer det meste med ystinga, men når Bondebladet kjem på besøk er ho på jobb utanom garden.
- «Hadde vi ikkje hatt Tine i ryggen, så hadde vi ikkje fått til dette», seier alle lokalprodusentar. Tine er fantastiske til å lokke fram lokale initiativ. Dei ser på oss som eit supplement og legg opp til eit viktig samspel, seier Jan Ove Selseng (52).
Ysteriet er etablert med støtte frå Innovasjon Norge.
Kje til slaktSelseng leverer kje til slakt ved Nortura i Førde. Slakteritilskotet på 300 kroner per dyr bidrar til økonomien, fordi dei har meir mjølk enn dei har kvote til.
Kjea vert slakta når dei er fem veker gamle, og denne våren har Selseng levert 154 dyr til slakt.
Dei har drive med geit sidan 1986 på Selstad, inst i Sogndalsdalen , der bestefaren v

































































































