Bondebladet
11.05.2017
I Noreg blir det løyvt store summar til forsking på hjort. Per, Pål, Kreti og Pleti blir forskarar. Dei skriv rapport på rapport, og gjev råd i hytt og ver til kommunane - som takkar og bukkar. Råd nr. 1: Tak vare på dei gode avlsdyra. Råd nr.
2: Skyt førti prosent av sommarkalvane. Men desse to råda strir mot kvarandre. Og forskaren fattar det ikkje!
Gå til medietDen glupe held på sitt: Ein stor prosentdel av kvoten bør tvillaust vere sommarkalvar. Førti prosent er ein fin prosent. Slik er det i sauehaldet også. Bonden slaktar dei fleste sommarlamma. Det er første sommaren kalvane og lamma legg mest på seg. Det heile er ein enkel, økonomisk konklusjon. Forskaren tek det som sjølvsagt at hjortejakt er ei kortsiktig økonomisk greie. Kvar han eller ho har det frå, er uvisst.
Det er likevel eitt moment som forskaren i sin uendelege vidom har gløymt. Det er morsinstinktet. Sit du i eit koseleg kontor i småbyen, trygt bak ein PC og drikk varm kaffi som tidtrøyte, er det lett å feie under teppet slike bagatellar.
Dersom du

































































































