Regjeringa sin Langtidsplan for forsking og høgare utdanning skal reviderast i 2018. Planen gir langsiktige føringar for kva som skal vera regjeringa sine satsingsområde fram mot 2024, og har sidan han blei vedteken i 2014 hatt talfesta opptrappingsplanar forfleiresatsingar.
Dei overordna måla for langtidsplanener å styrkekonkurransekraft og innovasjonsevne, løysa store samfunnsutfordringar og utvikla fagmiljø avframifråkvalitet.
Her finn dulangtidsplanen.
Departement påturné
Kunnskapsdepartementet brukar våren på ein innspelsturné på besøk hos 20 ulike institusjonar for å få inn nye idear til revisjonen av langtidsplanen. Heile turnéen starta med at kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen besøkte Universitetet i Bergen i slutten av mars. Og i juni arrangerer departementet ein innspelskonferanse i Oslo for universitets- og høgskolesektoren der revisjon av planen - og alle innspela - skaldiskuterast.
- Viønsker å få snakkemed grasrota i forskar-Noreg. Heile poenget med møtet er ikkje at eg skal halda tale og at folk skal klappeetterpå. Men at dei som jobbar og forskar i sektoren, og i privat næringsliv, skal få kometil orde, sastatsråd RøeIsaksen ifølge På Høyden den gongen. Han kunne også fortelje at regjeringa vurderer å innføre auka basisløyvingtilforskingsinstituttane.
Besøk påHiOA
Sist torsdag var turen komen til Høgskolen i Oslo og Akershus. Der hadde statssekretær Bjørn Haugstad frå Kunnskapsdepartementet med seg statssekretærane frå Arbeids- og sosialdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet, Christel Kvam og Kai-Morten Terning mellomanna.
Dei møtte eit utval med helse og samfunnsforskarar ved høgskolen og Senter for velferds- og arbeidslivsforsking (SVA).
Khrono var ikkje tilstades, men snakka med rektor Curt Rice ettermøt


































































































