Utdanning
27.04.2017
I samband med at det i vår er 10 år sidan eg byrja å arbeide i den vidaregåande skolen, kan eg også markere at det er like lenge sidan eg vart ein nynorskskrivar.
Etter ferdig utdanning, med mellom anna praktisk-pedagogisk utdanning og mastergrad i nordisk, var eg så heldig å få ein fot innanfor som lektor ved Orkdal vidaregåande skole. Norsklærarar er ettertrakta vare, og det gjekk fort frå eg starta å arbeide med eit totimarskurs på helse- og oppvekstlina, til eg hadde dekt opp ei heil stilling. Alt vel, sett burt ifrå ein ting. Eg måtte vere like stø i nynorsk som i bokmål, som den gongen var hovudmålet mitt. Det var eg slett ikkje, og det var flaut å ikkje vere trygg på det elevane spurte om i klasserommet.
Les merSidemålet mitt
I løpet av dei seks åra eg gjekk på universitetet, var det knapt nok nynorskundervisning. Heller ikkje det året eg tok praktisk-pedagogisk utdanning, fekk vi opplæring i skriftspråket som eg plutseleg skulle kunne feilfritt


































































































