AddToAny

Avlingsregistreringar i eng

Avlingsregistreringar i eng
Måling av avling i rundballar på skifter i fjellbygdene, Møre og Romsdal og Nord-Norge viser større avlingar enn det som blir rapportert i avlingsstatistikken.
Avlingane held seg godt oppe med aukande engalder, men det er litt større nedgang i fjellbygdene enn i Møre og Romsdal og Nord-Norge.



Enklare å måle avlingane med rundballar

I den praktiske drifta blir ikkje engavlingane registrert, sjølv om dei fleste brukarar har litt peiling på avlingsnivået på ulike skifte. Med rundballemetoden har det vorte enklare å måle avlingane. Det er enkelt å telje ballar og arealet på ulike skifte er godt registrert på kart. Problemet er å finne tørrstoffinnhald og vekt på ballane, for her er det store variasjonar. Vekta per rundball er ikkje noko godt mål for avling utan å vita tørrstoffinnhaldet. Tunge ballar har gjerne meir vatn og kan innehalde mindre enn lettare, meir fortørka ballar. Prøvetaking og veging er arbeidssamt, men i framtida kan dette bli enklare dersom dette blir registrert med utstyr på rundballepressene. Slikt utstyr er under utprøving i dag. Så langt er det uvisst i kor grad det kjem i praktisk bruk. For å få meir kunnskap om avlingsnivå og avlingsvariasjonar på praktisk drivne engskifte har vi no fått nye tal gjennom to forskingsprosjekt - «Agronomi i fjell-landbruket» og «Remote sensing» - i samarbeid mellom forsøksvertar, lokale einingar i Norsk landbruksrådgjeving og NIBIO. I tillegg til avlingstala har vi sett på botanisk samansetjing på skifta, og dette blir tema for ein seinare artikkel.



Fallande tendens frå sør til nord

Avlingane er registrert gjennom teljing, veging og prøvetaking av rundballar. Prøvene frå ballane er vidare analysert for fôrkvalitet ved NIR-laboratoriet på Løken. Gjennomsn
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt