Utdanning
24.02.2017
John-Ragnar Aarset tek ansvar, men på konkrete politiske spørsmål nøyer Høgre sin generalsekretær seg med generelle svar.
Kva er det beste med å vere på landsmøte?
Det beste med landsmøta er å treffe hundrevis av glade og entusiastiske partivener frå heile landet. Me har gode ordskifte, og me har det sosialt i lag frå tidleg til seint, fire dagar til ende. Dette blir det 17. landsmøtet mitt.
Kva oppgåver har du i forkant av og under landsmøtet?
Det er mitt ansvar å sjå til at alt blir planlagt og gjennomført, og det er eg som skal ta kjeften dersom noko sviktar. Eg vert sitjande ved ordstyrarbordet gjennom heile møtet. Det betyr at eg får med meg så å seie kvart einaste innlegg og røysting, fire dagar til ende. Og som ein del av vertskapet prøver eg å prate med så mange folk som mogleg i løpet av helga.
Gå til medietDet beste med landsmøta er å treffe hundrevis av glade og entusiastiske partivener frå heile landet. Me har gode ordskifte, og me har det sosialt i lag frå tidleg til seint, fire dagar til ende. Dette blir det 17. landsmøtet mitt.