Bondebladet
31.01.2017
Bondelagskokken meiner lever og kjøtt av kje er prima mat. NRK Forbrukerinspektørane sat sist veke søkelys på at mange nyfødde kje blir avliva rett etter fødsel, og ikkje blir fôra opp og brukt til mat.
Sjølv om det blir slakta og seld 15 000 kje, blir det avliva enno fleire.
Les mer- Først og fremst er dette eit etisk problem; geitebøndene er like fortvila som andre. Avlivinga er ein jobb dei helst skulle vore forutan, men drektigheit og kjefødsel er som kjent nødvendig for mjølkeproduksjon for 290 geitebønder over heile landet, seier Ole G. Hertzenberg i Norsk Sau og Geit (NSG).
Mild og mjuk smak
Fleire kjøkkensjefar har oppdaga kjekjøttet, og etterspørselen er i ferd med å auke, først og fremst i restaurantmarknaden. I 2016 blei det slakta rundt 15 000 kje, mot 8 400 i 2012. Det er ein a


































































































