Norsk Skogbruk
23.10.2025
Eit proveniensforsøk med norsk og rumensk gran i Bygland i Setesdal vart planta i 1969 og hogd våren 2023. Produksjonen har vore ekstremt høg og syner kva ein kan oppnå med rett skjøtsel og godt plantemateriale.
I Norsk Skogbruk 5-2024 skreiv eg om forsøket på Tande i 525 moh i Øyer, der årleg middeltilvekst var over 20 kubikkmeter per hektar og år. Men på 200 meter over havet i Bygland er det oppnådd endå høgare middeltilvekst i dei best tilpassa proveniensane av gran frå Romania. Det er ein produksjon som er langt over det me har vore vane med på god skogsmark. Tilsvarande resultat har me sett i dei langsiktige feltforsøka i Trøndelag og heilt nord til Troms. Det er kombinasjonen av godt planteabeide, god ungskogpleie og godt plantematerial som har gjeve slike framifrå resultat. Dette er fruktene av det langsiktige forsøksarbeidet med einsalderskogbruk, som vart byrja i 1917 ved Skogforsøksvesenet og planteforedlingsarbeidet som byrja der seinare og som sidan 1995 har vore drive av Skogfrøverket.
FORSØK MED GRAN FRÅ EUROPA
Historia i Bygkland startar på 1960 talet da Skogforsøksvesenet (NIBIO) la ut mange forsøk med gran (Picea abies) frå ulike delar av Europa. Nokre av desse har fått stå så lenge at dei kan sei oss ein heil del om kva plantematerialet har å seie for produksjonen over eit heilt omløp. Eit av desse dokumenterer altså til gangs kva ein kan oppnå av produksjon i skog «skapt av menneskehender».
På eigedomen Søjordet (G/B Nr 48/2) i Bygland kommune vart det i 1969 planta ut eit proveniensforsøk med gran frå 12 stader i Romania, ein frå Hartz i Tyskland og tri familiar frå Aremark i Østfold (proveniens C1), i alt 16 ulike sortar. (Forsøket er omtala i NIBIO Rapport 7 (161) frå 2021.) Frøet vart sådd i 1965, plantene vart prikla om som toåringar, og planta ut som fireåringar. Feltet vart delt inn i fem blokkar og kvar sort vart planta i ruter med 16 planter i kvar blokk, slik at
Gå til medietFORSØK MED GRAN FRÅ EUROPA