Finansfokus
10.10.2025
Ei preppeliste" på 18 punkt er lagt fram for å styrke beredskapen i finansnæringa. Røynslene frå Ukraina-krigen blir studert nøye, og på Voss har ein av landets minste bankar den største og stoltaste krigshistoria.
V OSS: Krigshistoria sit i DNA-et til lokalbanken Voss Sparebank. Då den tyske nazihæren gjekk til åtak på Norge i aprildagane for 85 år sidan, spela nemleg banken ei nøkkelrolle i mobiliseringa og krigen som enda med at Voss vart bomba til grus. På Vossevangen stod to bygningar att då støvet etter dei tyske bombene la seg: Kyrkja og sparebanken.
Ute i hovudgata poserer administrerande banksjef Jørund Rong og hovudtillitsvald Jon Sindre Rødland for Finansfokus sin fotograf. Tanken på krig og krise er fjern i den vårblømande vestlandsbygda som badar i strålande maisol berre eit par dagar før nasjonaldagen.
EI STOLT FORTELJING
Banksjef Rong meiner at dei større systemkritiske bankane i dag har meir hovudrolla i finansnæringa sitt beredskapsarbeid enn små bankar som Voss Sparebank. Likevel er det ikkje tvil om at erfaringane og forteljinga, om korleis nettopp denne banken og nøkkelpersonar den gongen for 85 år sidan handterte krigsmobiliseringa, har ein verdi også i dag.
- Dette er ei forteljing vi vaks opp med, og vi har mykje dokumentasjon frå den tida, seier Rong.
- Korleis påverkar historia banken og dei tilsette i dag?
- Det er ei stolt forteljing som viser kor viktig ein slik institusjon kan vere i eit lokalsamfunn, både i krisetid og i fredstid.
Samstundes med at folk flest no blir oppmoda om lage seg private beredskapslager i heimen av hermetikk, vatn og anna som trengs for å klare seg gjennom ei krise, tek også finansnæringa stadig nye grep for å være førebudd på det verst tenkelege scenario.
BEREDSKAPSTILSYN
Seksjonssjef Olav Johannessen i Finanstilsynet seier dei er svært opptekne av at finansføretaka, også lokalt, gjer vurderingar av tryggleik og risiko i lys av det nye geopolitiske landskapet. Finanstilsynet har no beredskap som ein del av tilsynet.
- Det kviler på bedriftene å ha på plass rutinar og prosessar for å ivareta drifta best mogleg dersom IKT-systema ikkje er tilgjengelege. Vi peikar på at føretaka må gjere analyser av verksemda der dei ser på kva som er kritisk og viktig, kva som må til for å fungere best mogleg, kva som er støtta som dei er heilt avhengige av og korleis dei skal sikre den på best mogleg måte, seier han.
Det er to tema føretaka må prioritere ifølgje Johannessen: Det eine er å ha forsvarsverk for å redusere risikoen fo
Gå til medietUte i hovudgata poserer administrerande banksjef Jørund Rong og hovudtillitsvald Jon Sindre Rødland for Finansfokus sin fotograf. Tanken på krig og krise er fjern i den vårblømande vestlandsbygda som badar i strålande maisol berre eit par dagar før nasjonaldagen.