Bondebladet
26.09.2024
Sauebonde Guro Libjå med klar oppfordring til alle som ferdast med hund i utmark og fjell om sommaren og hausten.
Sauebonde Guro Libjå var på sauesanking på heia i Fyresdal andre helga i september. Ho og mannen, Jan Erik Blessum Johannessen, har rundt 300 vinterfôra sauer, og mange dyr som skal hentast heim på hausten.
- Eg har skader på 3-4 dyr, men eg har fått telefon frå andre sauebønder i området som har funne daude dyr og dyr med verre skader enn dette, seier Libjå.
Det er funne dyr som har drukna, og på eitt av dei var øyremerket skore av og GPS-bjella fjerna. Det er òg meldt om store forflytningar av sauer og lam på korte periodar, noko som kan tyde på at dei har blitt skremt, forklarer sauebonden.
- Dette er typiske bittskader etter hund, ikkje kloremerke etter jerv, så her har det vore lausbikkjer. Det er fort gjort at det kjem flugemakk i desse såra, seier ho.
Larvene kan føre til alvorlege skader i hud og underliggjande vev hos lam og sauer.
S
Gå til mediet- Eg har skader på 3-4 dyr, men eg har fått telefon frå andre sauebønder i området som har funne daude dyr og dyr med verre skader enn dette, seier Libjå.