Forskerforum
10.06.2024
Med språkmodellane sitt inntog i utdanninga må vi tenke på kva vi ikkje kan overlate til maskinene, meiner Gunvor Sofia Almlie.
C hatGPT kom enten vi ville ha han eller ikkje. Språklærarar verda over reiv seg i håret, knurra om forbod, fjerna skjermane frå eksamenslokala og fekk elevar og studentar tilbake til penn og papir på eksamen. Så kom spørsmåla som var meir framtidsretta, spørsmål som sette vår eigen profesjon på prøve. Elevar og studentar treng ikkje å fikle med den vanskelege skrivinga lenger. Tenk så mykje tid dei kan spare på å sleppe å sitje med krøkkete setningar og vanskeleg grammatikk. Språkmodellane kan til og med brukast som skrivementor og til å lære grammatikk. Tida ein sparer, kan ein bruke på å setje seg endå djupare inn i fagstoffet. Søren, kva skal vi undervisarar brukast til no, då? Eg hadde jo akkurat lært meg korleis setningsledd kunne hoppe så underhaldande fram og tilbake i PowerPoint!
Så i møte med fantastiske språklege verktøy står spørsmålet om kva vi skal brukast til, vi som underviser språk og skriving.
Godt formulert - delvis dumt innhald
Etter stormande diskusjonar om fusk, plagiat og råd om korleis Utdannings-Noreg skulle takle dette nye verktøyet, byrja vi å erfare språkmodellane på godt og vondt. Heimeleksene hadde så god språkflyt. Artiklane var perfekt organiserte, og kor blei det av alle samsvarsfeila i dei engelske femavsnittstekstane? Artiklane var eigentleg ein sann fryd å lese. Sam
Gå til medietSå i møte med fantastiske språklege verktøy står spørsmålet om kva vi skal brukast til, vi som underviser språk og skriving.