BUSKAP
23.02.2024
19. og 20 januar var det duka for storstila landbrukskonferanse i Førde i Sunnfjord kommune. Målgruppa var bønder i alle produksjonar frå heile Vestland fylke. Desse dagane var fylte med fagleg program, men vel så viktig var det sosiale. Her var det skapt ein formidabel møteplass for dei 250 frammøtte, og slike arrangement gir framtidstru og optimisme i den urolege verda me no lever i.
Desse dagane var landbrukstoppane i samvirkebedriftene samt Bondelaget og Bonde- og småbrukarlaget på plass, og det var god anledning til å både høyra kva dei tenkjer om framtida og å stilla spørsmål. Mange av innleiarane trekte fram krigen i Europa, klimaendringar og endra kosthaldsråd som viktige utfordingar i framtida, men samstundes gir dette også andbruket mogelegheiter som bør gripast.
Hyllest til bonden
I starten av konferansen vart det vist ein flott filmsnutt med bilete frå landbruket i Vestland med songen «Bonden» med Sigrid Moldestad i bakgrunnen. Denne innleiinga sette ei fin ramme, virka samlande og samstundes hylla arbeidet med matproduksjon i alle delar av fylket. Sett i eit større perspektiv, gjeld ikkje dette berre vårt fylke, men like fullt heile landet og overalt i verda der det bur folk. Det er så enkelt at alle må ha mat for å leva, og utan matproduksjon stoppar alt opp.
Plan for fordeling av mat til befolkninga ved kriser
Anne Jødahl Skuterud, styreleiar i Felleskjøpet og medlem i Totalberedskapskommisjonen, heldt eit godt foredrag om kor viktig det er med bønder og matproduksjon i heile landet, og her må Noreg få på plass ein plan over korleis ein skal fordela maten til befolkninga ved ei eventuell krise. Tilgang til nok, trygg og næringsrik mat er viktig, og målet er at Noreg skal vera sjølvforsynt med 50 prosent av maten innan 2030. Slik det er no, er sjølvforsyningsgraden rundt 40 prosent, og denne bør aukast opp slik at me ikkje er heilt avhengig av andre land for å metta befolkninga vår. Matjord må ikkje byggjast ned samstundes som at kanali
Gå til medietHyllest til bonden