Bondebladet
15.12.2016
Den nye landbruksmeldinga er fyrst og fremst eit angrep på distriktslandbruket, meiner Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
Anders Felde meiner det er lite å glede seg over i den nye landbruksmeldinga «Endring og utvikling».
Felde meiner meldinga er som eit svært dårleg kinderegg, med mørke skyer både her og der.
- Innhaldet i denne meldinga vil føre til kraftig sentralisering av norsk matproduksjon og ho vil svekke bonden sin posisjon i verdikjeda. Vårt sikringsnett vert klart forringa, seier Felde.
Regjeringa vil gjere store endringar i marknadsordninga, og enkeltproduksjonar vert tatt ut. Endringane omfattar matkorn, gris, egg, eple og pot


































































































