Khrono
18.09.2023
Arbeidet mot maktmisbruk og trakassering i norsk akademia er langt frå over. Akademiet for yngre forskere (AYF) krev betre opplæring og klare rutinar.
I det jamstilte og likeverdige Noreg er det lett å tenke at maktmisbruk og portvaktar var noko me gjorde oss ferdige med på syttitalet. Det er den offisielle forteljinga, og det er for så vidt riktig at mykje har blitt gjort og at det skjer mykje godt arbeid fleire stadar i sektoren. Men fleire oppslag og kronikkar i Khrono i sommar syner at dette er eit vedvarande arbeid.
Les merI juni var me med på ein kronikk som peiker på dei mange utfordringane som kan treffe ein stipendiat som står i konflikt med rettleiar, og korleis mange i denne situasjonen opplever manglande støtte og dårlege rutinar både hjå arbeidsgjevar og blant kollegaer. I ei oppfølgingssak fortalde Sofie Høgestøl, også tidlegare AYF-leiar, at det var like før ho ikkje fullførte doktorgraden nettopp på grunn av dårleg rettleiing og manglande oppfø


































































































