Det som oftast kjem opp er dette med fusk. Det nest hyppigaste temaet er at «me me må innsjå at KI er eit kraftig verkty og heller læra studentane å bruka det». Målberarane av den siste haldninga er gjerne slike som sjølve allereie har hatt nytte av til dømes ChatGPT.
Og kva er det dei brukar dette verktyet til? Blant døme eg har høyrt er desse: Laga powerpoint-presentasjonar til førelesingar, setja opp disposisjon til artiklar og rapportar og dessutan generera samandrag av eit vitskapleg felt som førebuing til opponentoppdrag ved doktordisputasar.
Felles for desse oppgåvene er at bruk av KI sparer tid. Og det skal visstnok vera med å gje idear.
Jau då, eg tvilar ikkje på at det sparer tid. Og dersom produktet målt i sidetal og førelesingsminutt er det vesentlege, seier


































































































