Då var det verre for ektemannen Rosh, som er britisk statsborgar. Han er i dag seniorforskar ved Sintef.
Som kjent er Storbritannia etter «brexit» ikkje lenger del av EU eller EØS. Det betyr at britar som vil bu og arbeide i Noreg må søke om å få opphaldskort etter reglane for dei som kjem utanfrå EU/EØS. Sidan dei to er gifte, galdt reglane for opphaldskort for familiemedlem til ein EØS-borgar.
Rosh måtte søke to gonger, først i august 2020. Så kom brexit, og han fekk beskjed om at han måtte søke ein gong til. To månader seinare, i mai 2021, vart søknaden godkjend av Utlendingsdirektoratet (UDI). I prinsippet var opphaldsløyvet i orden.
Ti dagar var den estimerte ventetida for å få opphaldskortet som dokumenterer at ein har rett til å bu og arbeide i Noreg. Det tok tre månader.
Men det er ikkje behandlingstida som gjer at akademikarparet er opprørt og ønsker å fortelje om erfaringane.
Arroganse og avvising
Søknads


































































































