Eit romersk ordtak seier at ein ikkje kan splitte skodda ved hjelp av endå tettare skodde. Mitt venskaplege råd til kollega og avgåande styremedlem Svein Tuastad vil vere å unngå denne futile øvinga. Han har no kringom i ymse media fortalt meg og andre at det han kallar kritikken av Klaus Mohn, er urimeleg.
Ja vel. Eg har oppfatta omtalen av Mohns handtering av kjønnsdebatten helst som ei vurdering og ei oppmoding. For oss som voks opp med strukturalismen, er det automatisk slik at vi spør etter motstaten til ei fråsegn, eit omgrep, eit adjektiv, for betre å byggje eit forståingsmønster. Motsatsen til «urimeleg» må vel normalt vere «rimeleg».
NAOB, ei god bokmålsordbok, definerer «rimeleg» i fyrste tolking slik: «som man må anta stemmer, rimar med røynda, med det verkelege forhold; sannsynleg». Urimeleg må då vere det motsette. Altså stemmer det ikkje, det er ikkje i samsvar med røyndomen, og det er usannsynleg, den vurderinga at rektor Mohn burde gjort noko anna enn å karakterisere ein debatt medan han trekte seg frå samtalen. Det er altså urimeleg å oppmode til fri debatt og seie at rektor kunne brukt det gylne høvet han hadde til å seie at no trengst det å ta ansvaret med å setje oss ned og få gjennomdrøfta korleis vi kan få eit betre ytringsklima, og takk til dei som gjer sitt beste for å klårgjere sine standpunkt.
Dersom min rektor hadde gjort dette, ville eg for min del nøgd ha stige ned frå dei høge pauluner oppunder den lågtliggjande skodda på Ullandhaug, frå den etasjen vi i Stavanger ærbødig kallar Parketten, og seie som Mefistofeles i André Bjerkes omsetting av Faust 1: «Vårherre er en rimelig mann. Ham må jeg tale oftere med».
Oops, kva var det for ei tyding av «rimelig»? Er Vårherre i «samsvar med røynda» hos Goethe og André Bjerke? Det er då den andre tydinga NAOB tilbyr: «fornuftig, forstandig, forståelig». Aha. Magne Lerø, eg og andre har ytra noko som korkje er fornuftig, forstandig eller forståeleg. Dét er attesten sin, det!
Vel, no har eg og andre faktisk gjort denne vurderinga, og om då Tuastad vel å ta dette som kritikk, så vil eg tilrå at han ikkje gløymer kva «kritikk» tyder på akademisk. Kritikk vil ikkje seie å vere usamd, det viktige er heller ikkje at ein stiller seg negativt til noko som er sagt eller gjort. Kritikk, i den opphavleg greske tydinga som også er vorten den akademiske moderne, er å finne ut av kva kriteria er for det som vert sagt eller gjort, altså kva vurderingsgrunnlaget faktisk er, kva for premiss vi nyttar oss av. Dette er no det eg prøver å lære studentane mine at «kritisk tenking» er: det er likså vél ei saumfaring av eigne fordommar og idéar som ein må korrigere for å kome nokon veg i løysinga av det forståingsproblemet ein tek føre seg.


































































































