Vi kjenner att problemstillingane og ikkje minst forslaga om tiltak som kjem på bordet: klarare og strengare reglar, meir opplæring av rettleiarar, betre «system». Vi kjenner også att mangelen på drøfting av føresetnader for problema og konsekvensar av tiltaka. Debatten om problem og tiltak gjer oss ikkje klokare på kva doktorgradsrettleiinga er og kva ho handlar om. Vi får derimot demonstrert nok ein gong at ordskiftet er dominert av eit språk der utdanning og rettleiing blir forstått og handsama gjennom eit økonomisk-rasjonelt språk.
Ordskiftet og språket kjenner vi igjen i våre eigne institusjonar. Språket reduserer høgare utdanning til eit politisk forvaltningsområde. I dette forvaltningsspråket er mennesket ein statist. I hovudrollene glitrar Justitia og Formalia - med Byråkratia som instruktør. Språket klargjer ikkje forsking, utdanning og doktorgradsrettleiing som menneskelege fellesskapsprosjekt, og følgjeleg snakkar vi rett og slett utanom saka sjølv - dei utdannande prosessane som verkeleggjerast i doktorgradsrettleiing.
Vi stiller oss tvilande til at vi treng meir detaljerte eller strengare formelle kontraktar, standardiserte rettleiingsmetodar, universelle «beste praksisar», «å tette hol» i system og ordningar, og lage felles «køyrereglar». Kontraktane om ph.d.-rettleiinga er tilstrekkelege og tydlege nok. Problema som oppstår er sjeldan formelle problem, men mellommenneskelege. Å fylle på med meir standardisert, formell opplæring av rettle


































































































