Mest interessant - tykkjer eg - var det at me som tilsette fekk melding om at me ikkje måtte kjøpa inn for mange bøker eller ha for mange bøker på kontora. Situasjonen har så langt skapt reaksjonar blant mange tilsette, og fleire undrar seg om kva for prioriteringar som rår ved eigen institusjon.
No held saka fram med å overraska, for no har det vorte slutta at bokhandelen Akademika vert kasta ut frå campus Bergen innan utgangen av inneverande studieår. Campusen husa i fjor 10.000 studentar og over tusen tilsette. Slik eg forstår det har slutninga kome frå administrativt hald igjen. Argument for å fjerna bokhandelen ved institusjonen synast mellom anna å vera at den ikkje vert brukt nok, at det er digital litteratur som er framtida, og at arealet dei har i dag kan nyttast meir effektivt med bakgrunn i dei nemnde grunnane.
Lat oss sjå litt på verdien av ein bokhandel i sektoren. Kvifor treng me ein bokhandel ved ein høgre utd


































































































