AddToAny

«En plikt til å forlate landet». Forskarparet Noreg ikkje ville ha

Han er frå Noreg, ho frå Sør-Afrika - saman planla dei ei framtid i «kunnskapsnasjonen». Det blei alt anna enn enkelt.
Alt dei bad om var eigentleg å få fullføre doktorgradsarbeida sine, halde fram med forskarkarrieren, og slå seg til ro med sitt første barn heime i Trondheim.

Fullt så enkelt skulle det ikkje bli.

For berre litt over tre månader sidan står Audun Mollan Kristoffersen i leilegheita i Trondheim, med utsikt til Munkholmen, og må bestemme seg: vente, bli i Trondheim, håpe. Eller setje seg på flyet frå Værnes og reise til Johannesburg for å kunne vere saman med Kathy, sambuaren - og vere med på fødselen til deira første barn.

10. april 2023 var datoen Utlendingsnemnda (UNE) hadde sett som deadline for Kathy, kortform for Catherine Barolsky, opphavleg frå Sør-Afrika.

Babyen og byråkratiet

10. april var datoen UNE sette for då ho skulle bli skriven ut av folketrygda og miste alle rettar på norsk jord. Retten til foreldrepermisjon. Retten til helsehjelp. Retten til å vere heime, saman med mann og barn.

Då fekk det ikkje hjelpe at ho var gravid, budde i Trondheim og hadde hatt norsk sambuar i fem år - og at ho var innstilt som nummer ein til å få fast jobb på NTNU, under eit år etter at ho fullførte doktorgraden same stad.

Utlendingsnemnda (UNE), «mener at det i denne saken verken foreligger «sterke menneskelige hensyn» eller «særlig tilknytning til Norge som kan gi klageren oppholdstillatelse», var konklusjonen.

Kathy var for lengst reist ut av landet, til Johannesburg, pliktskuldig, etter det første, ordinære avslaget på søknaden om opphaldsløyve frå Utlendingsdirektoratet (UDI).

I Noreg begynte advokaten klagearbeidet på vegner av paret.

Frå fødebyen i Sør-Afrika sette Kathy i gang med neste forsøk, etter avslaget om arbeidssøkarvisum til Noreg. Kanskje var det håp om å få familiegjenforeining?

- Eg hadde, for å vere ærleg, ikkje tru på dette på dette tidspunktet. Ikkje etter dei tidlegare avslaga. Eg gjekk inn i «survival mode». Heile livet mitt er jo i Noreg, seier Kathy.

I Johannesburg voks babyen i Kathys mage. I Trondheim voks frustrasjonen, etter halvanna år med byråkratisk pingpong.

- Eg kjende meg mest av alt makteslaus på dette tidspunktet, seier Audun.

- Du blir liten i dette systemet.

Trondheim - Johannesburg

Dei møttest på konferanse, først ein, så vart det fleire møte, og gradvis krympa avstanden mellom Trondheim og Johannesburg.

Eg kjende meg mest av alt makteslaus

Audun M. Kristoffersen

Begge jobba med fag i skjeringspunktet mellom teater, kunst og pedagogikk. I 2018 vart Kathy tatt opp som doktorgradsstipendiat ved NTNU. Audun var på terskelen til å starte arbeidet med doktorgrad, etter utdanning som spesialpedagog.

Opphaldsløyvet var i orden.

Fire av ti doktorgradsstipendiatar i Noreg kjem trass alt frå utlandet. Noreg vil vere ein internasjonal kunnskapsnasjon. Tiltrekke seg dei beste. Sørge for «et hav av muligheter», som er tittelen på det viktigaste politiske dokumentet om akademisk samarbeid på tvers av landegrenser.

Kathy fekk «muligh

Les mer

Flere saker fra Khrono

Hvor lett skal vi gjøre det for KI-generasjonen, spør student. Har vi ikke universiteter for å oppdra individer som kan undersøke, skrive og tenke selv, istedenfor å leke gjetteleken med informasjon fra ChatGPT?
Khrono 28.09.2023
Regjeringen vil ha mindre detaljstyring. Prosessen startet i sommer, og fortsetter nå.
Khrono 28.09.2023
Over en tredel av studentene ved fagskolene har ikke opplevd at representanter fra arbeidslivet har bidratt i utdanninga hittil i studiet, viser Studiebarometeret for fagskolestudenter.
Khrono 28.09.2023
Han framsto som en usedvanlig dyktig søker da han søkte jobb hos Universitet i Bergen. Nå vil universitetet be redelighetsutvalget se på covid-19-artiklene han publiserte mens han var ansatt.
Khrono 28.09.2023
Leder av sykepleieforbundets studentorganisasjon mener universitets- og høgskoleloven i for liten grad ivaretar studenter og deres rettigheter.
Khrono 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt