Han snakka om K2, høgskulen sitt nyaste bygg på Kronstad i Bergen. Bygget har vore omstridd sidan før det vart bygd, fordi det var lagt opp til det som vert kalla aktivitetsbaserte arbeidsplassar: Opne kontorlandskap utan faste plassar, men med det som vert kalla multirom som kan bookast til mellom anna konsentrasjonsarbeid.
I vår har det vorte gjennomført sensormålingar i bygget, og dei viser det same som Khrono såg i fjor: Det er mange ledige arbeidsplassar i bygget.
No skal høgskulen evaluera arbeidsplassane i bygget. Det kjem fram i sakspapira frå arbeidsmiljøutvalet sitt møte i juni.
- Tilbakemeldingane me får er at å sitja i landskap ikkje fungerer så godt for dei som har konsentrasjonsarbeid, seier Tone Skjerdal til Khrono.
Ho er hovudtillitsvald for NTL ved høgskulen, og var den som bad om ei evaluering.
Treng ekstern kompetanse
I vedtaket frå arbeidsmiljøutvalet heiter det at alle er samde om at ein skal ha ei undersøking av arbeidsmiljøet i K2, røynsler og eventuelle samanhengar med sjukefråver. Omfang og innhald på definerast, og deretter må det avgjerast kven som skal gjennomføra undersøkinga. Administrasjonen ved høgskulen treng å søka ekstern kompetanse og kapasitet, heiter det.
Skjerdal er glad for vedtaket


































































































