Khrono
23.07.2023
Ein enklare veg inn i lærarutdanninga og ei lærarutdanning som passar i rurale strok er noko av det Hanne Gravrok håpar å kunna arbeida meir med ved Nord universitet framover.
Gjennom sommaren vil du bli kjend med folk i og rundt universiteta og høgskulane våre. I dag møter du Hanne Gravrok. Gravrok er prosjektleiar for LæreriNord, eit prosjekt som arbeider med rekruttering til lærarutdanningane ved Nord universitet.
Les mer- Korleis vil du oppsummera arbeidsåret 2022-23?
- Dette har utan tvil vore det mest spanande året i mi karriere. Med den nye rekrutteringssatsinga «LæreriNord» har eg og gode kollegaer vore på vegen og besøkt 40 kommunar i Nordland og ein god del kommunar i Trøndelag. Det er gjevande og utfordrande å møta vaksne og etablerte folk som arbeider som ufaglærte i skular og barnehagar som ynskjer seg ei lærarutdanning. Eg har alt vorten go


































































































