Khrono
19.07.2023
- Batteriingeniørar er det vanskelegaste yrket å tilsetja i på verdsbasis, seier Johannes Martin Landesfeind.
Det har vist seg at å få tak i forskarar innan batterifagfeltet er vanskeleg. No har Universitetet i Agder fire stillingar ute, og leiar for satsinga, Johannes Martin Landesfeid seier til Grimstad Adressetidende at sjølv om universitetet har fått 40 søkjarar, har ein så langt ikkje tilsett nokon.
Les merI fjor vinter vart det kjent at Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og SIVA gjekk inn med endå meir pengar i den norske batterisatsinga. Universitetet i Agder (UiA) var blant dei som fekk pengar. Førsteamanuensis Johannes Martin Landesfeind vart same år tilsett som leiar for batterisatsinga ved UiA.
- Det finst rapportar som viser at batteriingeniørar er det vanskelegaste yrket å tilsetja i på verdsbasis. Det er mange krav frå industrien si side. I t


































































































