Orda kjem frå dagleg leiar i Norsk Petroleumsforeining, Kåre Vagle, i ein lang debattråd på Facebooksida til førsteamanuensis og tidlegare representant i styret ved Universitetet i Stavanger, Svein Tuastad.
Sist helg gjekk debatten om Kunnskapsdepartementets oppnemning av eksterne representantar til styret, etter at Khrono hadde omtalt saka og intervjua Tuastad som var krass i sin kritikk. Han etterlyste i saka representantar frå politikk, kultur og media - og ikkje berre næringsliv og «oljå». Og det blei både sarkasmar, temperatur - og underhaldande for oss som følgde med frå utsida.
Alarm!
«Etter 8 år i universitetsstyret som valt vitenskapeleg representant (no tar andre dyktige representantar over) har eg sett kor viktige dei eksterne kan vere. No har Borten Moe og departementet brote heilt med tidlegare praksis og fjerna alle eksterne som ikkje har næringslivsbakgrunn (i tillegg er ein helsebyråkrat med). Dette har store konsekvensar fordi det faktisk gjeld styringa av universitetet. Alarm!»
Dagleg leiar Vagle i Norsk Petroleumsforeining, syntes ikkje kritikken var særleg godt begrunna:
«Flere fra akademia er neppe hva universitetet trenger for å følge med i tiden. Tenker at de «utskjelte» vil vise seg tilliten verdig og gi gode og nyttige innspill i


































































































