Kari-Anne Jønnes (H) humrar.
Khrono har telt opp kor mange minutt stortingsrepresentantane i utdannings- og forskingskomiteen har snakka i stortingssalen. Jønnes er på topp, med 202 minutt frå oktober i fjor til og med juni i år. På botn finn vi Øystein Mathisen frå Arbiederpartiet med 26 minutt.
Opposisjonspolitikeren frå Høgre, Kari-Anne Jønnes, har altså snakka i over tre timar totalt sett, og ho har vore på talarstolen kvar einaste månad, syner oversikten frå Stortinget.
- Det tok ikkje så lang tid frå eg vart vald inn på Stortinget til eg skjøna at stemma mi betyr noko for mange. Eg er den einaste frå Høgre frå Oppland valkrins, seier ho.
Løfta barnehagesak
April var den månaden der Jønnes var aller mest aktiv.
- Då hadde eg ein interpellasjon om barnehage. Eg er så heldig at eg har ansvar både for dei minste og dei største, seier høgrepolitikaren.
Ho seier at ei


































































































