Khrono
13.07.2023
Studieavgifta skremmer internasjonale studentar. Ved Universitetet i Agder har berre fire studentar tatt imot og betalt for plass, mot 84 i fjor.
Fleire av dei største norske universiteta opplever eit markant fall i talet på studentar frå land utanfor EU, EØS og Sveits. Stortinget vedtok før sommaren å innføre studieavgift for denne gruppa av studentar.
Les merDet er nettavisa Panorama som har innhenta tal frå lærestadene.
Universitetet i Agder (UiA) tok i 2022 imot 84 nye studentar frå land utanfor EU/EØS/Sveits. I år har berre fire takka ja og betalt studieavgift for hausten. Trenden er lik ved OsloMet, Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og Noregs miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU).
Frå 137 til 34
OsloMet får for eksempel berre ni nye studentar i denne kategorien i år. Det er ein nedgang frå 83 i fjor. Tala frå NMBU tyder så langt på ein reduksjon frå 137 i 2022 til 34 nye studentar i 2023.
Det står ikkje på søkartala: Ved OsloMet får 550 internasjonale søkarar frå land u


































































































