Khrono
08.07.2023
Kva minne hugsar ein? Det har Hedda Tvedten Ness forska på. Under pandemien sakna ho kvardagstreffa, der ein kan dela uviktige minne ved kaffimaskina.
- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
Les mer- Eg søkte ei stilling knytt til eit større ERC-prosjekt. Eg har mastergrad i kognitiv nevrovitskap og har jobba som vitskapeleg assistent i den same forskargruppa som eg vart stipendiat i.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har forska på korleis hjernen bearbeider hendingar som vert til varige episodiske minne. Dette er hugs for enkelthendingar som til dømes «då eg var i Oslo i fjor sommar». Desse minna vert levande og detaljerte. Eg har nytta Firi, funksjonell MR-undersøking, for å måla kva som skjer i hjernen når ein lærer og hentar fram igjen informasjon som vert til varige ep


































































































