Khrono
04.07.2023
Departementet føreslår å behalda, ja endåtil å utvida, ein regel som opnar for at stipendiatar får meir lemfeldig behandling enn andre studentar om dei fuskar.
Eit par presiseringar: 1. Dette innlegget handlar om fusk i opplæringsdelen av ph.d.-studiet, altså den delen av graden som består av emne, kurs og andre faglege aktivitetar som dei ulike lærestadene godkjenner i opplæringsdelen, og som er på til saman 30 studiepoeng på dei fleste institusjonane, kanskje på alle. 2. Når eg skriv «ph.d.» meiner eg både ph.d. i forsking og ph.d. i kunstnarleg verksemd.
Les merFor i § 4-8 er det bestemt at reglane om utestenging på grunn av fusk ikkje skal gjelda for stipendiater ansatt ved institusjonen doktorgraden avlegges ved.
Olaug Husabø
Ein student som fuskar kan bli utestengd for eitt eller to semester, jf. universitets- og høgskulelova (uhl.) § 4-8 tredje ledd. Som det har gått fram av fleire oppslag i media det siste åre


































































































