Khrono
04.07.2023
- Me har ikkje råd til å ikkje halda fram, seier prosjektleiaren om LæreriNord-satsinga. Men no håpar Nord universitet på pengestøtte frå sentralt hald.
Ein tredel av dei som har søkt opptak til grunnskulelærarutdanning på Nesna frå hausten kjem frå Nord universitet sitt LæreriNord-prosjekt. Ferske tal Khrono har fått, viser at 50 av dei 180 som skreiv seg på liste då Hanne Gravrok og kollegaene hennar reiste rundt i fjor haust og i vinter, faktisk har søkt om studieplass på ei grunnskulelærarutdanning. Til dømes kan 19 prosent av søkjarane til Nord universitet sin campus i Bodø knytast til prosjektet.
Les mer- Me kjem til å halda fram med prosjektet. Me har ikkje råd til å lata vera, seier prosjektleiar Gravrok.
Håpar statsråden kan opna lommeboka
Men når tilsette frå Nord universitet skal ut på nye turar til vidaregåande skular og kommunar, håpar dei at dei har fått inn eksterne midlar som kan betala det prosjektet kostar.
- Det er dyrt for oss, seier Gravrok.
- Me brukar to tilsette i full stilling, og i tillegg noko meir ressursar enn det.
No er håpet at Kunnskapsdepartementet kan bidra. Gravrok seier at dei har sendt spørsmål om møte til depa


































































































