- For meg personleg er det ei tidsrekning før og etter Bygdepride, har Odd Helge Mjellem Tonheim tidlegare sagt til Høgskulen i Volda sine eigne nettsider.
Tonheim er prorektor ved høgskulen, og no òg påtroppande rektor. Han er 42 år og gift med Per Magnus Finnanger Sandsmark.
- Du er den første opne, homofile rektoren ved ein høgskule eller eit universitet?
- Ja, så vidt eg veit, seier Tonheim.
Og sjølv om det er privat kven ein deler hus og heim med, er det heilt medvite at han brukar rolla han har og rolla han skal ha.
- Det skal vera trygt og godt å vera student i Volda, og når høgskulen aktivt er med i Bygdepride, handlar det om å hjelpa dei usikre. Me vil visa at her er dei velkomne uansett.
Svara i lokalavisa
Hausten 2017 kom nyheita om at Volda skulle få sitt eige pridetog. Då skjedde det noko i debattspaltene til lokalavisene Møre og Møre-Nytt. Enkelte frå det kristne miljøet i Ørsta og Volda engasjerte seg sterkt - mot arrangementet. Det har vorte skrive innlegg i lokalavisene og halde demonstrasjonar, mellom anna utanfor Ørsta kyrkje i samband med Regnbogegudstenesta der.
Odd Helge Mjellem Tonheim har brukt ein del tid på å svara på innlegga.
- Folk rundt meg har sagt at «du må ikkje bruka tid på det der, folk skjønar at det er tull». Men så lenge andre får spalteplass med sitt syn, svarar eg. For kva skal ein ung homofil som les det der tenkja?
- Er det rett at ein høgskule skal engasjera seg i Pride?
- Me har framleis behov for Pride. Det er mykje som går feil veg, mellom anna i Polen og Russland. Eg vågar ikkje å reisa til Polen, og før mannen min og eg skal på ferie sjekkar me alltid reiseråd. Det er ikkje alle stader to menn til dømes kan bestilla hotellrom saman, seier Tonheim, og held fram:
- Gjennom å støtta Pride støttar ein fridommen til å elska den ein faktisk vert forelska i. Noko av det mest rør


































































































