Han er sterkt kritisk til regjeringas «Handlingsplan for norsk fagspråk i akademia» som vart lagt fram onsdag.
Blant tiltaka i handlingsplanen er eit krav om at fast tilsette som underviser, må kunne norsk på såkalla B2-nivå innan tre år etter at dei starta i jobben. På dette nivået skal språkbrukaren mellom anna kunne «forstå komplekst språk og uttrykke seg saklig, klart og nyansert om et vidt spekter av allmenne emner og emner innenfor eget fagfelt og egne interesseområder», ifølgje læreplanen.
UiO-rektoren har ikkje tru på tiltaka til regjeringa, som samla omfattar ei liste på 21 punkt.
- Skremmer
- Vi har mange postdoktorar og ph.d.-studentar som er i Noreg i tre år. Det blir meiningslaust å krevje at dei skal måtte lære norsk. Det har ikkje noko poeng, d


































































































