Khrono
14.06.2023
Havbruk, økonomi og fagskuletilbod er noko av det ein i framtida etter planen vil kunne finna på Nesna.
I Hurdalsplattforma slo regjeringa fast at det skulle reetablerast ein fullstendig, høgare utdanningsinstitusjon på Nesna. Som kjent er grunnskulelærar- og barnehagelærarutdanning allereie reetablert. No er det gjort eit utgreiingsarbeid som seier noko om kva for andre studietilbod det kan vera mogleg å plassera på Nesna, både på kort og litt lenger sikt.
Les mer- Me meiner sjølve at me kjem med mange spanande tilrådingar. Om det er mogleg å gjennomføra dette, vert opp til styret ved Nord universitet og fakulteta å avgjera, sa prosjektleiar Jan-Oddvar Sørnes då rapporten «Utviklingsprosjekt Nesna» vart presentert i mai.
No får styret rapporten og tilrådingar på bordet. Du kan sjå styremøtet her 14. juni frå klokka 8.30.
Først enkeltemne
Den framtidige utviklinga på Nesna er delt opp i fire delprosjekt, der det første er for


































































































