Khrono
06.06.2023
Vi bør ikkje ha tillit til forsking som gir svar på noko som den ikkje har føresetnader for å svara på, skriv Jenny Klinge i Senterpartiet i sitt svar til Helene Ingierd.
Helene Ingierd, som er direktør ved Dei nasjonale forskingsetiske komiteane, kritiserer meg og andre politikarar i innlegget Tilliten til forskning er under press. Ho påstår at vi diskrediterer «råd basert på vitenskaplige prosesser». Eg kan ikkje svara for dei andre politikarane, men sjølv har eg problematisert prosessen bak dei komande nye nordiske kosthaldsråda. Og eg står ved det.
Les merDei komande nordiske kosthaldsråda skal danne grunnlag for nasjonale kosthaldsråd. Når desse no ikkje lenger skal handle berre om helse, men også om klima og berekraft, har det dessverre mangla eit godt nok fagleg grunnlag i arbeidsgruppene som skal gi råd om nettopp berekraftig matproduksjon i eit nordisk og norsk klima. Norske forskarar som sjølv har vore involverte i arbeidet, og som har relevant kunnskap om berekraftig matproduksjon her til lands, har talande nok trekt seg frå arbeidet med desse kosthaldsråda. Årsaka dei oppgir er at arbeidet er for fagleg svakt.
Ingierd skriv: «Je


































































































