Khrono
02.06.2023
I lys av styresmaktene sine føringar om evidensbaserte praksisar, er det underleg at det vert gjennomført ein nasjonal eksamen som ikkje er basert på evident kunnskap, skriv professor i sjukepleie, Jeanne Boge.
Den fyrste nasjonaleeksamen i naturvitskaplege fag i norsk sjukepleie blei gjennomført i 2015. Denne forma for nasjonal eksamen har sidan blitt kontinuert, trass i høg strykprosent. Slik var det i 2023 også.
Les merDet ville vore forståeleg at norske styresmakter ynskte å gjennomføre nasjonale eksamenar i naturvitskaplege fag, dersom forsking viste at kunnskap om naturvitskaplege fag er avgjerande for kor dyktige sjukepleiarstudentane er når dei er ferdig utdanna. Men så vidt eg veit, finst det ikkje studiar som viser slike samband. I lys av styresmaktene sine føringar om evidensbaserte praksisar, er det underleg at det vert gjennomført ein nasjonal eksamen som ikkje er basert på evident kunnskap.
Dei fleste sjukepleiarstudentar ynskjer å ta utdanninga i store byar som Oslo, Bergen, Trond


































































































