- Eg skreiv masteroppgåve om fysisk aktivitet og ungdom, og eg har jobba som lærar i kroppsøving på ungdomsskule. Der såg eg at for ein del ungdommar er det krevjande å vera fysisk aktive i kroppsøvingstimane. Eg ønska å sjå nærare på dette, og rett og slett kunne bidra til praksisfeltet, og søkte då det var ei opa utlysing ved Høgskulen i Volda.
- Kan du presentera prosjektet ditt i korte trekk?
- Eg har sett på korleis ungdommar med overvekt opplever deltaking i fysisk aktivitet i nærmiljøet sitt, og eg har òg intervjua helsesjukepleiarane som følgjer opp desse ungdommane. Ungdommane eg intervjua var mellom 13 og 18 år, og felles for dei var at dei var klassifisert med fedme og fekk oppfølging av vekt hos skulehelsetenesta


































































































