Ikkje ei einaste av dei 31 verksemdene i kunnskapssektoren, som Språkrådet fører tilsyn med, tilfredsstilte i 2022 det lovpålagde kravet om veksling mellom nynorsk og bokmål.
Blant desse er alle universitet og statlege høgskular, samt ei rad forvaltningsorgan, som til dømes Forskingsrådet, Sikt (kunnskapssektorens tenesteleverandør) og Dei nasjonale forskingsetiske komiteane.
- Dette er pinleg for sektoren, seier direktør i Språkrådet, Åse Wetås.
I dei fleste tilfelle er det mindretalsspråket nynorsk som blir marginalisert. Fleire av dei største forskings- og utdanningsinstitusjonane i landet er framleis langt unna å nå det lovpålagde kravet om å bruke minst 25 prosent nynorsk.
- Forstår ikkje alvoret
- Det verkar ikkje som om institusjonane og leiarane forstår kor alvorleg dette er, og kor skadeleg det er for moglegheita til å oppretthalde språkmangfaldet i Noreg. Vi hadde tru på ei positiv utvikling etter innføringa av språklova frå 1. januar 2022, men det har altså ikkje skjedd, seier Wetås.
Ho legg til at praksisen er med på å undergrave dei språklege rettane til tusenvis av studentar.
Språkrådet ber no om eit møte med leiinga i Kunnskapsdepartementet for å «drøfte korleis det kan bli slutt på dei systematiske brota på språklova i denne sektoren».
I tillegg vil Språkrådet ha innføring av straffetiltak opp til vurdering. Brot på språk


































































































