Gujord gjer oss alle ei teneste når han går ut og tydeleggjer si eiga tenking med utgangspunkt i kronikken min. Eg trur eit ope, offentleg ordskifte om desse spørsmåla er sunt, og skulle gjerne ha sett at representantar for endå fleire fag engasjerte seg. I beste fall kan vi i fellesskap få fram viktige avklåringar i framkant av det avgjerande møtet i fakultetsstyret den 9. mai. I denne omgang skal eg kome med nokre merknader til dei delane av tilsvaret frå Gujord der det er tydeleg at han og eg har ulike vurderingar i prinsipielle spørsmål, og eg freistar - vonleg utan å gjere for stor vald på det Gujord skriv - å summere desse opp i tre punkt.
1) Er sjølve formene kring bemanningsarbeidet grunnleggjande urettvise? I tilsvaret konstaterer Gujord at stillingsvernet ved Det humanistiske fakultetet (HF) er sterkt. På den eine sida framhevar han dette som noko bra (der er vi hjartans samde), men på den andre sida meiner han at denne premissen undergrev føresetnadene for å utvikle fornuftige bemanningsplanar. I praksis skjer det berre omdisponering i planen når stillingar av ulike grunnar vert ledige, og dette inneber at ressursar ikkje vert flytta fritt i samsvar med kunnskapsgrunnlaget, skriv han. Underforstått: Det finst fagmiljø ved HF som scorar svært dårleg på kriteria i bemanningsplanen, men som likevel ikkje får inndrege stillingar, fordi UiB ikkje seier opp folk. Av dette


































































































