Bernadette Tunidau, ein student frå Fiji, står på det blankskura dekket på det gamle segl- og skuleskipet «Statsraad Lehmkuhl», som nyleg er klappa til kai i heimbyen Bergen etter ei nesten to år lang reise kloden rundt. Om nokre timar skal den norske statsministeren smake på innovative sjømatprodukt.
Byen vrimlar av prominensar i ulike valørar og nasjonalitetar under den første One Ocean Week, som denne veka samlar det som kan krype og symje av forskarar, politikarar, diplomatar og entreprenørar - og kongelege - med berekraftig hav og klima i kikkerten.
Ekspertane som kjem til FNs havkonferanse om klimaeffektar i regi av Havforskingsinstituttet, som er ein av del av havveka i Bergen, samlar åleine 600 ekspertar frå 70 land.
Så kva har ein dansar frå Fiji med dette å gjere?
Historia om kunnskap
Jau, imens alt dette skjer i det våryre Bergen, står fleire nasjonar i fare for å bokstaveleg talt forsvinne i havet på den andre sida av kloden. Tuvalu, Palau, Kiribas. Namn på øystatar som kan bli historie på grunn av stigande havnivå. Og alt dette veit vi, veit forskarane, veit politikarane, og har visst lenge.
- No handlar det om å bremse, reparere og finne tiltak for å leve med klimaendringane, seier Tunidau, som er student ved University of the South Pacific.
Ingen har bidratt mindre, og er samstudes hardare ramma av klimakrisa enn øybuarane i Stillehavet.
Det handlar om å finne nøklar som kan f


































































































