Det viste seg då at mange administrative stillingar er lyst ut med krav om mastergrad, sjølv om oppgåvene som skal gjerast ikkje er av den arten der ein treng masterkompetanse.
- Ofte er det ingen tungtvegande grunnar ut frå innhaldet i stillinga til at lista skal leggast på masternivå, sa Steinar Thunestvedt, administrasjonssjef ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudier vedUniversitetet i Bergen (UiB).
No viser tal frå den ferske Kandidatundersøkelsen det same. Den er gjennomført av studentsamskipnaden Sammen, og har fått inn svar frå over 2000 nyutdanna kandidatar frå Høgskulen på Vestlandet, Norges Handelshøyskole og Universitetet i Bergen.
For Universitetet i Bergen heiter det at «mens 66 prosent av bachelorkandidatene har relevant arbeid, gjelder dette 91 prosent av masterkandidatene, og så godt som alle med 6-årig profesjonsutdannelse. Forskjellene mellom kandidater med henholdsvis bachelor- og mastergrad er spesielt utpreget på de disiplinfaglige utdanningsløpene. Mens 89 prosent av masterkandidatene fra Det humanistisk fakultet oppgir å ha relevant jobb, er tilsvarende andel hos bachelorkandidatene kun 43 prosent. Samme tendens gjør seg også gjeldende hos kandidater fra Det samfunnsvitenskapelige fakultet og Det psykologiske fakultet».
Trur ein treng master - og doktorgrad
Prorektor for utdanning, Pinar Heggernes, seier til Khrono at fleire kandidatar med mastergrad er eit mål for UiB, og nedfelt i den nye strategien.
- Det er ulikt kva spesialisering ein treng. For nokre praktiske utdanningar, til dømes innan helse- eller ingeniørfag, kan det vera nok med tre år. Og det aller viktigaste er at ein får fleire ungdommar til å fullføra vidaregåande skule, slik at dei kan velja kva veg dei vil gå vidare. Men særleg for disiplinfaga trur eg det er behov for fleire med mastergrad. Då fordjupar ein seg og job


































































































