- Kvifor vart det doktorgrad om akkurat dette emnet?
- Eg har hatt ein tanke om å ta doktorgrad sidan eg var student, eg synest det verka attraktivt å gå løpet ut med forskarutdanning. Eg skreiv masteroppgåve om Gustav Vigeland. Deretter jobba eg litt, og fekk ei stilling ved Kode i Bergen der eg var med på å etablera eit forskingssenter. Ved kunstmuseet har ein eit forskingssenter knytt til Nikolai Astrup, og det skulle etter kvart tilsetjast ein stipendiat. Astrup høyer til same periode som Vigeland, den tidlege moderne tida.
- Kan du kort presentera prosjektet ditt?
- Eg har forska på Nikolai Astrup si samling med barne- og ungdomsteikningar. Han samla på mange av sine eigne ting, som finst i ei skjør scrapbook. På Astrup si tid (Nikolai Astrup levde frå 1880 til 1928, journ.


































































































