Khrono
06.04.2023
Tilsette ved universitet og høgskule i Bergen samarbeider med vidaregåande skular for å få fleire av elevane interesserte i språkdelen av norskfaget.
«Jeg syns at språk er gøy, og at forsking om språk er viktig. Derfor håper jeg at studenter, norsklærere og andre som leser Språkprat, blir underholdt, engasjert og lærer noe nytt som de har bruk for i jobben sin eller i livene sine».
Les merSlik skildrar ein av dei faste skribentane bak det populærvitskapelege tidsskriftet Språkprat si interesse for språk. No har redaksjonen utarbeidd eit undervisningsopplegg for vidaregåande skule; Språkprat til skolen. Mål: Auka interessa for språk.
Sakna spørsmål
På St. Paul gymnas i Bergen er Kjersti Wold Slettebø ein av fleire norsklærar på VG3. Ho har sjølv mastergrad i nordisk språk, og vart spurd om å skriva eit innlegg for Språkprat då ho hadde levert masteroppgåva si.
- Då eg så skulle undervisa om nabospråk brukte eg eit innlegg frå Språkpr


































































































