«When everything is upside down, we can make a change.
The biggest adventure we can have. Loving others. Helping others.
I won't be afraid! I will follow you.»
Bak låta «Dancing Nurses in Norway» står sjukepleiaren og multitalentet Diana Abdi (33) - stjernevikaren til Kooperativ Bemanning og selskapets uoffisielle ansikt utad.
View this post on Instagram A post shared by Kooperativ Bemanning AS (@kooperativbemanning)
Ei stjerne blir fødd
Våren 2021 tar Diana Abdi det fyrste steget i retning det norske eventyret. På Karolinska Sjukhuset i Stockholm jobbar sjukepleiaren på covidavdeling under den andre bølga. Diana kjenner seg utbrend.
Ho set seg på kafé og googlar vikarjobb i Noreg.
- Eg snakka fyrst med eit stort byrå som nesten ikkje kunne tilby betre lønn enn vi hadde i Sverige. Men eg kom i kontakt med andre som hadde reist med Kooperativ Bemanning og sa det var bra.
Kooperativ er eit av landets største bemanningsbyrå for sjukepleiarar. Selskapet leverer ein stadig straum av utanlandske sjukepleiarar til desperate norske kommuner, og har blitt ein betydeleg post på mange kommunale budsjett.
{f1}
Vikarane seier at dei tener betre enn sine fast tilsette kollegaer. I tillegg får dei betalt reise og bustad. Likevel er det berre dei tøffaste som klarer seg.
Diana og ein annan vikar tar fly til Oslo. Der ventar ei veke på karantenehotell utanfor Gardermoen, utan kontakt med omverda. De