Fagbladet
12.12.2022
Bodil gjer så lite ho kan, Kjell tråkkar konstant i salaten utan å bry seg kva andre føler. Mellomleiar Thorsen strevar livet av seg for å halde skuta flytande. Jobbar du på kontor, er sjansen stor for at du kjenner deg igjen i Børge Lund si verd.
Kjedeleg på kontoret? Børge Lund meiner kontor er den beste arbeidsplassen på jord.
- Det er utruleg morosamt på kontor. Det er få jobbar du har så god tid til å treffe så mykje folk, gå i møter og stå ved kaffimaskina. Det er den beste arbeidsplassen som finst. Trygt, godt, reint, varmt og du har gratis kaffi, til og med frukt. Har du lyst på ein litt roleg dag kan du berre kalle inn til eit par møter, seier Lund.
Før han blei far til teikneserien «Lunch» på heiltid, jobba han sjølv tolv år på kontor som industridesignar. Lund fortel han er raus med tullinga av folk på kontor:
- Det er gjort med kjærlighet. Eg sparkar ikkje berre opp eller ned, alle skal få sitt.
SUKSESS MED KONTOR-PARODI
Den nyaste boka og teikneseriesamlinga heiter «Endringsglede». Omgrepet har funne vegen inn på norske kontor dei siste åra. Saman med endringsmotstand, endringsdyktighet, endringsvilje, endringsrom og endringstakt:
- Det har gått inflasjon i ord som har med endring å gjere, seier Lund, som fortel han spesialiserer seg på å finne det ufrivillige komiske på kontoret.
Frå 2007 til i dag har Lund bygd opp det som er ein av dei aller største teikneseriane i landet. Lunch-stripene blir publisert i land som Sverige, Danmark, Finland og Mexico. I haust blei Lunch til ein fjernsynsserie på TV2. Lund var med å velje ut skodes
Gå til mediet- Det er utruleg morosamt på kontor. Det er få jobbar du har så god tid til å treffe så mykje folk, gå i møter og stå ved kaffimaskina. Det er den beste arbeidsplassen som finst. Trygt, godt, reint, varmt og du har gratis kaffi, til og med frukt. Har du lyst på ein litt roleg dag kan du berre kalle inn til eit par møter, seier Lund.