BUSKAP
09.12.2022
Det ser dessverre ut som at behovet for mjølk går ned, og for å kompensera for mindre inntekt frå å levera volum, kan ein prøva å leggja til rette for høgare mjølkepris gjennom å auka feittprosenten i mjølkeleveransen.
Harald Volden som er professor i drøvtyggarfysiologi og ernæring ved NMBU, gir gode råd for kva tiltak ein kan setja inn for å få opp feittinnhaldet i mjølka. Han meiner at med godt og nok grovfôr, kan det vera eit realistisk mål å klara 4,6 som gjennomsnitt for feittprosenten gjennom året.
Rask respons
Høgt tørrstoffinnhald er gunstig for mjølkeprisen, og dei siste åra har det vore mest gunstig å ha fokus på å auka feittinnhaldet i mjølka. For kvar tidel over eller under 4 prosent, så vert det tillegg eller trekk på 9 øre per liter mjølk. Med ein mjølkekvote på 100 000 liter mjølk, vil gjennomsnittleg feittprosent på 4,6 gi ei meirutbetaling på 54 000 kroner per år i høve til å liggja på 4,0 prosent. - Viss det er fôringa som er utfordringa for feittprosenten, så kan ein få resultat av endra fôringsstrategi på 4-5 dagar, seier den erfarne fôringseksperten.
Godt vommiljø
Det aller viktigaste for god feittprosent i mjølka, er å ha eit godt
Gå til medietRask respons