AddToAny

KALVETAP VI IKKJE KAN VERA BEKJENT AV

Tek du hand om kalven din slik du burde? Har du gode rutinar rundt kalving og mjølkefôring? Skjer kalving i lausdrifta eller på binge? Er du av dei som tenker at ein kalv er ein kalv og tap må ein rekne med? Har du oversikt over kalvedød i di eiga besetning? Blir du provosert og synes at underteikna kan finne seg ein annan jobb? Ja, da har eg nådd målet mitt.
... Det er produsentar som har betra kalveoppdrettet sitt før deg, så du greier det du au. Dessverre har det gått litt gal veg med dødlegheit, helse og velferd hjå kalvane dei siste åra. Sjølv om det på landsbasis ikkje ser verst ut med kalvedødlegheit, så kan vi ikkje sjå bort frå at enkelte besetningar mister ein høg andel av kalvane sine år etter år. Dette kan etter kvart vil bli eit omdømmeproblem for oss. Mykje kan betrast med nokre ganske enkle grep og auka bevisstheit rundt kalvingsprosessen.

Legge til rette for ein god start for kalven
I denne artikkelen kan du lese om årsaker til kalvetap med særleg fokus på sjølve kalvinga, tildeling av råmjølk og litt om mjølkefôring dei første vekene slik at du kan legge til rette for ein god start for kalven og unngå sjukdom, frustrasjon og elendigheit ettersom kalven veks til. Husk ein velfødd kalv som har hatt det godt frå starten av tåler mykje meir enn ein kalv født i møkka, med dårleg ettersyn, sein råmjølkstildeling og at du er gnien på tildeling av mjølk.

Kalving
Sjølve kalvinga kan delast i tre delar: Det er viktig for ein person som er ansvarleg for oppfølging av kviger og kyr å vite kva som er kjenneteikn på kalving, kva som er normalt kalvingsforløp og kva som er unormalt slik at hjelp kan skaffast i tide. Det er dyreeigar som er ansvarleg for at arbeidshjelp får naudsynt opplæring. Attåt er det enkelte eigarar som treng ei oppfrisking au. Les difor nøye det som står vidare!

Teikn på nærståande kalving:
• Drektigheitsleng for NRF er 280281 dagar i gjennomsnitt. Det betyr ikkje at kua kalvar på dagen for forventa kalving. Det er ikkje uvanleg at ei ku kalvar 14 dager før tida og heller ikkje at ho går ein del dagar over. Temperatur, årstid, kjønn, tvilling og farrase virkar og inn. Kviger går om lag to dagar kortare enn kyr.
Figur 1. Utpressingsstadiet. Frå boka Storfesjukdommer 2003. Ilustratør Ida Skaar.

Når det gjeld innkryssing er det farrasen som styrer drektigheitslengda. Aberdeen Angus har 279 dagar drektigheitslengd, Tyroler Grauvieh 284 dagar, Charolais og Simmentaler 286 dagar, Limousin 290 dagar og Hereford 282 dagar. • Jurfylling av råmjølk: 7-14 dagar før, ein del variasjon • Større fødselsåpning: 1-4 dagar før • Slim i kjønnsåpning: 1 dag og litt meir før, «propp» nær kalving • Kalvingssena heilt slapp: 12-24 timar før • Temperatur synk 0,5-1°C • Høg hale: ca. 4 timar før • Mindre matlyst siste dag og kua «gjemmer» seg • Spente, fylte «fluffy» spener nær kalving og eventuelt lekkasje At kalvingssena blir heilt slapp, slim i kjønnsåpning og fylte spener på ein gong er noko av dei sikraste teikna på at kalving skjer raskt.

Opningsstadiet
Opningsstadiet (blokkinga) varer frå nokre timar opptil eit h
Gå til mediet

Flere saker fra BUSKAP

Anders Kringli vokste opp på gården og tok over drifta i 2021. Han jobber fulltid som tannlege ved siden av gården. Foreldrene er pensjonister, men bor fortsatt på gården og hjelper til.
BUSKAP 02.04.2026
Randi Therese Garmo Spesialrådgiver/ veterinær i Tine randi.therese.garmo@tine.no Det er ikkje heilt svart-kvitt når det gjeld tilgjengelegheit hjå dyret på mineral og vitamin, sjå figur.
BUSKAP 02.04.2026
Fagsjef i Tine Rådgiving john.flottum@tine.no
BUSKAP 02.04.2026
Begge avlsforskere i Geno Vi har tatt ut statistikk som viser hvordan de genotypede dyrene fordeler seg per fylke i 2025 pr. 5. desember. Trøndelag på toppen
BUSKAP 02.04.2026
Statistikken fra Animalia pr. 26. november i år underbygger at det er mye å hente på å fôre fram krysningskalver sammenlignet med ren NRF.
BUSKAP 02.04.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt