Magasinet for fagorganiserte
28.09.2022
Eksploderande prisvekst, utolmodige medlemmar og trugslar om gå sakte-aksjon. Verftet i Verdal er ein av mange arbeidsplassar der arbeidsfolk no skjer ut sin del av kakestykket.
VERDAL: - Det er eit skambod, og det har eg sagt til dei. Men eg vil ikkje ha dokker forbanna enno, for no er det 14 dagar pause i forhandlingane.
Inne i ein sal på eit av bygga på verftet ute på Ørin i Verdal, har over 130 Fellesforbundet-medlemmar samla seg til eit klubbmøte for dagskiftet. Aker Solutions-kjeledressar fargar rommet raudt.
Klubbleiar Stian Sagvold har fortalt om gårsdagens tilbod om lønnstillegg frå bedriftsleiinga.
- Vi veit at forhandlingane skaper engasjement, så det er viktig at dokker får fakta om kva som går føre seg og at dokker kjem med innspel.
Når vi les avisene på vårparten verker det som om lønna vår blir forhandla fram på eit møterom i Oslo. Men i skuggen av blitsregnet i hovudstaden, skjer det tusenvis av lokale forhandlingar på arbeidsplassar landet rundt. Der blir dei lokale lønnstillegga forhandla fram.
Størsteparten av lønnsveksten skjer faktisk lokalt for dei fleste av Fellesforbundet-medlemmane. Gjennom årlege forhandlingar ute på arbeidsplassane, skjer opp mot 80 prosent av lønnsveksten i industrien. Dei store verftsklubbane er lokomotivet.
Magasinet for fagorganiserte har fått bli med bak kulissane i den «hemmelege» prosessen der lønna blir forhandla fram.
EMOSJONELL BERG OG DALBANE
Dagen før klubbmøtet sit forhandlingsutvalet inne på eit møterom i administrasjonsbygget på verftet. Det er Sagvold, nestleiar Erling Falstad og sekretær Kenneth Hernes i Verkstedklubben Aker Verdal. Tidlegare på dagen har dei fått «skambodet» på 3,50 kroner meir i timen. No er det opp til klubben å skape rørsle i forhandlingane. Forhandlingsutvalet har eit såkalla særmøte før dei skal møte bed
Les opprinnelig artikkelInne i ein sal på eit av bygga på verftet ute på Ørin i Verdal, har over 130 Fellesforbundet-medlemmar samla seg til eit klubbmøte for dagskiftet. Aker Solutions-kjeledressar fargar rommet raudt.